sjefen posted on februar 03, 2012 14:59
I korte trekk er forslaget
frå Fylkesmannen i Rogaland slik:
Tilskot på 150 kr per dekar for grasareal innafor området
Reve-Orre i Klepp, utan andre vilkår enn at det ikkje blir spreidd
mineralgjødsel eller husdyrgjødsel mellom 15.04 og 31.05.
Kompensasjon på 1500 kr per dekar for utsett slått i
økologiske funksjonsområde fram til 15.07 (evt til 01.07) for
verditap av fôr.
Kompensasjon på 1200 kr per dekar for utsett slått i perioden
10.06-01.07.
Misvisane i pressa
Påstanden i fleire presseoppslag om at fylkesmannen legg beslag
på om lag 2000 daa dyrka mark til svarthalespove er svært
misvisande, heiter det vidare.
- Det har vi ikkje gjort, og vil heller ikkje gjere det. Det er
likevel ikkje til å unngå at med ei vellukka forvalting etter
føremålet med forskrifta vil dei økologiske funksjonsområda auke,
og det kan bli aktuelt å utsette slåtten på større areal ein gong i
framtida enn dei knapt 200 daa vi sette av i fjor, skriv
Fylkesmannen.
Utgangspunktet er at forskrifta om prioritering av
svarthalespove er vedteke av Kongen i statsråd i mai i fjor.
«Fylkesmannen er sett til å følgje opp forskrifta. Vedtaket
ligg fast, og vi må då finne ein praktisk måte å
gjere dette på. For å auke forståinga for vernetiltaka, er det
viktig å møte nokon av dei motførestillingane som har kome opp i
det siste», skriv Fylkesmannen.
Sterkt trua art
Artsdatabanken har fagleg vurdert bestanden av svarthalespove i
Noreg til å vere "sterkt trua" (Norsk raudliste 2010). Sjølv om
bestanden er større i delar av Europa, er det og ein klår
tilbakegang der. Årsaka er truleg den same som på Jæren:
Intensivering av jordbrukslandskapet og aukande mangel på naturleg
våtmarkseng.
Fylkesmannen vonar òg å få på plass avtale om intensivert jakt
på kråke, rev og mink i dei mest aktuelle hekkeområda. Dette skal
minske tap av egg og ungar som skuldast desse artane. Ungar og egg
som overlever slåtten er særleg utsett for rovviltangrep, fordi dei
ofte vil trekke ut på dei nyslåtte engene.
Les også: - Dette er å harselere med norsk
landbruk
[Les mer...]